Sunday, September 16, 2007

ill do the fashion yoga og leser Øglænds dikt samtidig.

Eg skal aldri skrive dikt meir.
Eg skal aldri skrive dikt meir, fordi dikt i sjølve sin natur
er forskjønning og forsimpling, fordi diktet ikkje kan halde fast
noko verkeleg utan å forskjønne eller forsimple det, utan å lengte
etter noko anna (som det heller ikke trur på).
Eg skal aldri skrive dikt meir, fordi dikt i sjølve sin natur unndrar
seg røyndommen, nektar å forhalde seg til det verkelege.
Av alt som er uverkeleg og løgnaktig, er diktet det verste.
Fordi diktet ber seg i ein draum om noko sant og ekte
som det ikkje kan oppfylle: dermed blir det dobbelt usant og
uekte
Eg skal aldri skrive dikt meir, fordi diktet lovar meir enn det held.
Iallefall skal mine dikt ikkje love noko, ikkje
skjønnmale noko, ikkje synge vent og løgnaktig om noko.
Mine dikt skal vere sørgjeleg prosaiske.

No comments: